Search
  • The Linguists | Lingvistene

Episode 4: norrønt

Updated: Dec 31, 2021

Denne teksten inneheld spoilerar frå fjerde episode av Beforeigners. Du er no åtvara.

Foto: HBO Max


Blålys blinkar, sirener uler og ei skjoldmøy frå år 1000 roper truslar ut vindauget. Fire vikingar og ein oldsame skal ut å finne eit lik. Ein av vikingane i baksetet matar hunden sin med fleinsopp. "Fyrir Helju, gefr þú honum sveppi hér? Þú veitzt at þetta er pólitibíl?" seier Alfhildr i frustrasjon.


Om du ikkje klarer å forstå eit einaste av orda på norrønt, så burde likevel det siste ordet vere kjent. Ingen blir nok overraska over at politibil ikkje er belagt i nokon gammalnorske tekstar. Og politibil er ikkje det einaste frå notida som er nytt for fortidsmenneska.


Låneord er noko vi alle har vore borti. Ord som 'kul', 'nachspiel' eller 'bluetooth' kjem frå engelsk eller tysk inn i det norske språket. Og det er fleire grunnar til at desse orda får innpass. Ordet 'kul' er ein type slang som typisk kjem inn i språket gjennom populærkultur. Kanskje opplever ein at det ikkje finst ei heilgod norsk omsetting, men enda meir blir det nok berre kult mellom ungdommane å bruke sånne framandord.


'Nachspiel' har nok komme inn i språket litt på same måte. Men 'bluetooth' kjem nok for å dekke eit behov for eit omgrep for ny teknologi (dessutan kjem visstnok ordet 'bluetooth' frå den danske kongen på slutten av 900-talet, Haraldr Blátönn, på grunn av hans evne til å få folk til å kommunisere med kvarandre). Sånn må det jo vere for framvandrarane òg.


Når vi har jobba med manus for Beforeigners, har det vore ei utfordring å omsette omgrep som ikkje finnst verken i språkhistoria eller i kulturhistoria. Og verre er det, bil er jo allereie eit låneord. Det kjem heile vegen frå tysk Automobil, via fransk automobile, frå ei samansetning av gresk autós (som tyder 'sjølv') og latin mōbilis (som tyder 'flyttbar'). Altså noko som flyttar seg sjølv, i motsetning til noko som blir flytta av ein hest. Forma 'bil' (som dessutan berre blir brukt i norden) kjem av ei avstemming i 1902 i den danske avisa Politiken, fordi ein ønskte eit kortare ord enn 'automobil'.


Politi er også eit lån, som kjem vegen frå gresk politeía (borgar) til latin politia (stat, regjering). Men det fanst eit ord for politi som ikkje er eit låneord. For på islandsk kallar ein politiet for lögreglan, som kjem av lög (lov) og regla (regel, orden), som begge er gammalnorske ord. Men lögreglan er ikkje sjølv eit gammalt ord som tyder politi, det er eit islandsk nyord. Så det er meir realistisk at framvandrarane frå 1000-talet ville lånt det moderne norske ordet 'politi', enn å hente inn eit yngre islandsk ord for det same.


Men det er jo ikkje sånn at ein bruker berre eitt ord for nye ting. Til dømes, sjølv om 'TV' er vanlegast å seie no, så sa ein både 'TV' og 'fjernsyn' om ein annan før. Og framvandrarane kom til notida på ulike tidspunkt, nokon heilt nyleg og andre for fleire år sida. Det er god grunn til å tenke at dei brukte mange, forskjellige ord for desse nye tinga. Når Alfhildr kjem køyrande i spanarbilen (njósnabíl på norrønt), blir Urd sint og seier at ho ikkje må kome i ein sånn bil: Þú mátt eigi koma at slíkan í þessi kerru!" Du må ikkje kome sånn i den kjerra!" Så her bruker Urd ordet "kjerre" på norrønt som slang for bil.


Og til slutt må vi jo snakke om den store frasa i serien: nei til tidsisme! Ord som slutar på -isme er ikkje så gamle, men det som er verre (for omsettinga), er at det norrøne ordet for 'nei' ikkje er belagt i nokon tekstar. Så på norrønt er frasa omset med: Stǫðva tiðháttahatrit! "Stans tid-type-hatet!"


Skriven av Julian K. Lysvik

445 views0 comments

Recent Posts

See All